Ex nunc er eit latinsk juridisk omgrep. Det betyr frå no. Alternativet vil ofte vere ex tunc, som betyr frå den gong, frå først av.
I kontraktsrett kan ein avtale vere ugyldig. Viss avtalen er ugyldig ex nunc, så er avtalen ugyldig først når dette blir slått fast, til dømes i ein dom. Avtalen vil såleis ha rettsverknad fram til det blir slått fast at den er ugyldig.
© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search